Månedens Concerned Student

Tore Solheimlid er måndens Concerned Student, som er nestleder for Concerned Students i Bergen.

12778667_10156602341105344_6732666310979702567_o

Hvorfor er du med i Concerned Students?
Eg er med i Concerned Students av to grunnar. Den første, som var grunnen til at eg fatta interesse for organisasjonen, er at eg ønsker å auke mi eiga tverrfaglege forståing innan klimarelaterte emner samt generell forståing for dei forskjellige nasjonale og internasjonale samfunnsmekanismane ein møter på spesielt gjennom arbeidslivet. Den andre grunnen er at eg ønsker å gjere folk i stand til å forme haldningar og ta beslutningar innan klimarelaterte emne med eit så godt fagleg grunnlag som mogleg. Dette betyr ikkje at dei ‘må’ ende opp med dei same haldningane som eg har, og det er det som er så positivt med Concerned Students – alle er oppfordra til å tileigne seg så mykje kunnskap som mogleg og gjere seg opp si eiga meining!
Hva er det gøyeste du har fått gjort i Concerned Students?
22. januar 2016 viste vi filmen «This Changes Everything» basert på boka med same tittel av Naomi Klein. På dette arrangementet møtte det opp 150-200 menneske. Vi hadde også ein fruktbar diskusjon etter filmen der alle vart oppfordra til å komme med refleksjonane dei sat igjen med. Det er alltid minst ein person som kjem med eit perspektiv eg ikkje har tenkt på endå! Det er fantastisk lærerikt!
Hvordan kan ditt fagområde brukes til å bidra til å sette fokus på og bedre menneskers miljøpåvirkning?
Eg held på med min mastergrad innan energiteknologi. I ein svart/kvitt-tankegang kan ein seie at mangel på ressursar er rota til alt vondt. Viss ein då fjerner denne mangelen på ressursar, vil ein fjerne grunnlaget for krigar, svolt og generell mangel på gode levekår. Måten eg ønsker å bidra til dette føremålet er ved å bringe fornybar energi til alle menneske. Logikken her, tillet meg sjølv å gjenta at dette er noko svart/kvitt, er at ein overflod av fornybar energi gjer ein i stand til å sjølv produsere det ein treng for å ha ein god levestandard. Ferskvatn kan skiljast ut frå saltvatn, men det er energikrevande. Riktig klima for dyrking av alle matsortar kan tilretteleggast, men det er energikrevande. Lys, varme, kjøling og transport kan vere noko alle menneske har tilgang til, men det er energikrevande.
Eg meiner den beste måten å hjelpe menneske ut av dårlege levekår er ved førebyggande hjelp. To menneske som tok dette på alvor er Benjamin Slåttli og Esays Mehari. I deira bachelorprosjekt samla dei inn mykje pengar som dei kjøpte solceller for, reiste til Etiopia i Afrika og underviste innbyggarane i korleis ein installerer og drifter solcellepanel. Det viste seg at folk i denne landsbyen hadde økonomi til å kjøpe og drive enkle solcelleløysingar, men at dei mangla kunnskap.
Hva er drømmejobben din?
Draumejobben min er ein jobb der eg kan kombinere mitt ønske om å bringe fornybar energi til alle menneske med mitt ønske om å ha eit godt familieliv. Slik eg ser det har eg draumejobben min allereie i Greenstat AS. Greenstat tek sikte på å verte fornybar energi sitt svar på Statoil og er klar i vårt standpunkt: Vi skal tene pengar, men det skal utelukkande vere på grøne prosjekt. Dessverre har det historisk vore vanskeleg å etablere bærekraftige verdikjeder innan fornybar energi, mykje grunna global oljeavhengigheit. Etter mi oppfatning er Greenstat «the missing link» i den nasjonale verdikjeda som Noreg treng for å etablere seg som ein eksportør av fornybar energi og fornybar kompetanse, ikkje berre olje og gass.

Hva er det grønneste du har gjort, noen sinne? 
Denne sommaren køyrde eg og Pappa frå heimen vår i Førde, Sogn og Fjordane, til leilegheita vår i Kroatia. Det som gjer dette grønt er at vi køyrde Tesla sin model S heile vegen, utanom gjennom delar av Tyskland då vi tok biltoget. Ikkje berre brukte vi kun straum som drivstoff på vegen, drivstoffet var i tillegg betalt av Tesla sjølv. Ein kan sjølvsagt peike på at straumen produsert i Europa er langt frå fornybar, men samtidig er elbil/hydrogenbil per i dag dei beste alternativa for klimavenleg transport. Dette gjeld sjølvsagt også for kollektivtransport, tungtransport og maritim sektor. Hydrogen har i tillegg særs stort potensial innan industrien.
Ditt beste miljøtips?
Dette kjem heilt an på kva ambisjonar ein har. Viss ein ikkje har så store ambisjonar for å redusere sitt eige karbonfotavtrykk kan eg anbefale at ein benytter seg meir av kollektivtilbodet. Om ein har større ambisjonar kan ein forsøke å påverke styresmaktene til å legge betre til rette for klimavenlege tiltak – der er alltid eit område ein ikkje har lagt til rette for på ein tilstrekkeleg måte! Om ein har veldig store ambisjonar kan ein ta saka i eigne hender og vere den forskjellen ein ønsker å sjå i verda. Uansett kva ambisjonsnivå ein befinner seg på anbefaler eg at ein konstant søker kunnskap hjå andre. Er det ein ting eg har lært frå mi tid i Concerned Students, er det at synergieffekten av kollektiv læring er enorm!

Leave a Reply

Your email address will not be published.